Strandafjellet
·
Stranda
Kokk til Strandafjellet Skisenter
Jobb i restaurantane våre midt i spektakulære fjellomgjevnader, med gondol som transport til arbeidsplassen!
Strandafjellet Skisenter AS søkjer kokk til vintersesongen. Hos oss får du jobbe i restaurantane våre midt i spektakulære fjellomgjevnader, med gondol som transport til arbeidsplassen på fjellet.
Du vil hovudsakleg jobbe på restauranten på Roalden, men ved behov kan det òg bli noko arbeid ved restauranten Stova 1957 i botnområdet.
Stillinga er 100 % med varigheit fram til påske, med moglegheit for forlenging ut mai.
Kva kan du forvente hos oss?
Triveleg arbeidsmiljø.
Arbeid i fantastiske omgjevnader.
Kven er du?
Vi søker deg som har fagbrev og deg som elsker å jobbe med mat, men som kanskje ikkje har den formelle utdannelsen.
Du er;
Serviceinnstilt.
Ryddig og liker å ha ting i orden.
Kunne jobbe både sjølvstendig og i team.
Må kunne norsk / engelsk.
Praktisk informasjon
Søknadsfrist 31.01.2026
Oppstart : Snarleg

- Bedrift
- Strandafjellet
- Stader
- Stranda