-
Tilkallingsvikar hos Tusenfryd barnehageTusenfryd barnehage · Stranda
«Det er stort å vere liten i Tusenfryd barnehage»
Barnehagen vår er ein foreldreeigd barnehage med tre avdelingar for barn i alderen 0-6 år. Barnehagen ligg trygt og fint til i byggefeltet i Langlo 3, med utsikt over Storfjorden. Vi har gode turforhold og kort veg til naturleikeplassar med både grillhytte og lavvo. Vi har om lag 16 årsverk fordelte på 17 tilsette.
Visjonen vår er: «Det er stort å vere liten i Tusenfryd barnehage»
Omsorg, engasjement, profesjonalitet og glede
Vi har ei stabil og innovativ personalgruppe, og arbeidet vårt byggjer på tydelege grunnverdiar: omsorg, engasjement, profesjonalitet og glede. Desse verdiane pregar kvardagen vår og ligg til grunn for korleis vi møter barna, føresette og kollegaer kvar einaste dag.
God kommunikasjon og inkludering
Barnehagen er medlem i PBL-A og følgjer tariffavtale med gode lønns- og pensjonsordningar. Vi har og eigen kjøkkenhjelp.
Personalet har særleg fokus på bruk av alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK), mellom anna gjennom teikn og bilete, for å sikre god kommunikasjon og inkludering for alle barn.
Måltid som pedagogisk arena
I Tusenfryd barnehage er måltida ein viktig del av kvardagen. Vi serverer tre måltid dagleg, og brukar desse stundene aktivt til å skape matglede, fellesskap og gode vanar for både små og store. I tråd med Rammeplanen har vi eit bevisst forhold til mat og måltid som ein sentral del av det pedagogiske arbeidet vårt.