-
Orkla søker Operatør industriell næringsmiddelproduksjonOrkla · Stranda
Mat og drikke til heile Noreg
Orkla Foods Norge lagar mat og drikke til heile Noreg, og merkevarene våre finn du både i daglegvarebutikkar og i storhushaldningsmarknaden. Vi står bak kjende norske merkevarer som Grandiosa, TORO, Nora, Stabburet og Idun. Pizzafabrikken finn du sjølvsagt på Stranda!
Pizzafabrikken på Stranda
På fabrikken vår på Stranda produserer vi kjende merkevarer som Grandiosa og Big One-pizza på høgt automatiserte linjer. Vi er stolte av å vere marknadsleiar i Noreg og av å ha skapt ein viktig arbeidsplass i bygda.
Her kan du lese om Andreas, teknisk teamleiar på fabrikken, og kvifor trivsel og arbeidsglede står sentralt i kvardagen hans på jobb.
Historia vår
Bedrifta har røter tilbake til 1888 og var på si tid Skandinavias største spekematprodusent. Etter at pizzaproduksjonen starta i 1979, vart kjøttproduksjonen gradvis fasa ut, og i dag er vi ein rein pizzaprodusent. Dei siste åra er det investert om lag 1 milliard kroner i utviding og ny teknologi. Dette gir ein framtidsretta produksjon og gjer verksemda til eit viktig satsingsområde i Orkla-konsernet.
Vil du høyre meir om oss?