Strandafjellet
·
Stranda
Serveringspersonell for Stova 1957/ Fjord Panorama Roalden
Bli med og skap gode opplevingar på Strandafjellet!
Strandafjellet søkjer etter serveringspersonell til Stova 1957 og Fjord Panorama Roalden – og kanskje er det akkurat deg vi ser etter.
Kva kan du vente deg
- Varierte arbeidsdagar med servering og kundekontakt
- Opplæring, uavhengig av erfaring – vi ser etter motivasjon og pågangsmot
- Arbeid på både dag- og kveldstid i helgar og ellers i periodar med ekstra aktivitet
Kvalifikasjonar for serveringspersonell
- Du er fylt 18 år
- God til å prate med folk og trivast i sosiale settingar
- Er engasjert, lærevillig og likar å arbeide i team
- Evne til å halde oversikt når det skjer mykje på ein gong
- Du treng ikkje tidlegare erfaring frå restaurant eller kafé – men det er eit pluss
Søk no og bli med på laget!
Send oss ein søknad der du fortel litt om deg sjølv. Har du spørsmål, er du velkomen til å ta kontakt. Søknadsfristen er 16. november 2025.

- Bedrift
- Strandafjellet
- Stader
- Stranda