Påmelding Après ski-intervju
Stranda i påska? Ta ein tur i bakken – og møt din framtidige arbeidsgivar rett etterpå.
Tysdag 31. mars kl. 14:00 inviterer vi deg som er nysgjerrig på jobb- og karrieremoglegheiter i Stranda til Après ski-intervju. Dette er eit rekrutteringsarrangement som på ein måte speglar kvardagen i Stranda. For her kan du nemleg gå rett frå jobb og ut på tur i storslått natur – og like gjerne frå skibakken og rett på jobbintervju
På Après ski-intervju kan du møte bedrifter frå lokalt næringsliv i ein uformell og avslappa setting.
Arrangementet blir halde i afterski-bygget på Strandafjellet, og her kan du slå av ein prat, stille spørsmål og høyre meir om kva mulegheiter som finst – utan at det nødvendigvis handlar om ei konkret utlyst stilling akkurat no.
Dette er ein fin arena for å bli kjend med bedrifter, bransjar og folk som jobbar her. Kanskje finn du ein jobb, eller kanskje får du eit betre bilete av kva som finst av moglegheiter i Stranda litt opp og fram.
Arrangementet passar spesielt godt for deg som er heime eller på besøk i påska og vurderer å flytte hit, men også for deg som allereie bur her og er nysgjerrig på nye moglegheiter.
Slik fungerer det
Tid og stad: Arrangementet blir halde i afterski-bygget på parkeringsplassen til Strandafjellet, tysdag 31. mars kl. 14:00.
Arrangementet startar med korte bedriftspitchar, der du får høyre litt om bedriftene og kva dei jobbar med
Deretter legg vi opp til speed-intervju / korte samtalar mellom kandidatar og bedrifter
Etterpå blir det moglegheit for vidare prat og mingling
Alle som deltek får to bonger som kan brukast på valfri drikke.
Alle deltakarar er også med i trekninga av to dagspass i trekket, sponsa av vår samarbeidspartnar Strandafjellet Skisenter – vi trekkjer to vinnarar.
Meld deg på
Du melder deg på ved å fylle inn litt informasjon om deg sjølv og laste opp CV-en din i skjemaet under. Du kan bruke feltet «søknadsbrev» til å skrive litt om deg sjølv; til dømes bakgrunnen din, kvar du bur no, kva du jobbar med i dag og kva som er motivasjonen din for å sjå etter nye moglegheiter.
Når du har meldt deg på, får du ei kalenderinnkalling frå Denne Stranda sendt til e-postadressa du registrerer, slik at du enkelt kan legge arrangementet inn i kalenderen din.
Vi oppmodar deg også til å opprette ein brukar i Connect. Då kan du få varsel når det blir lagt ut ledige stillingar som kan vere aktuelle for deg. Slik held du døra open for moglegheiter også etter arrangementet.
Kanskje startar ditt neste kapittel her?

Bedrifter som ønskjer å melde seg på kan gjere det her.
- Bedrift
- Denne Stranda AS
- Stader
- Geiranger, Hellesylt og Sunnylven, Liabygda, Stranda