Kven er vi?
Denne Stranda as er eit næringsselskap med visjonen drivkraft for utvikling.
Vi arbeider for å auke bu- og skapelysta i Stranda – for at fleire skal få auge på kor bra det er å leve, jobbe og skape noko her.
Vi er eigd av over 40 lokale bedrifter saman med Stranda kommune. I lag koplar vi folk, idear og ressursar, og løfter fram alt det gode som skjer i bygdene Stranda, Hellesylt, Liabygda og Geiranger.
Vi bidrar til at Stranda skal bli ein endå betre stad å bu – med framtidstru, fellesskap og rom for å skape sitt eige liv.
Lyst til å jobbe hos oss?
Vi er heilt i startgropa, men har store ambisjonar for tida framover. Etter kvart som vi veks, vil vi kunne ta på oss fleire prosjekt, samarbeide med endå fleire bedrifter – og vil trenge fleire flinke folk på laget.
Om du kjenner deg att i visjonen vår om å vere drivkraft for utvikling, eller berre er nysgjerrig på kva vi driv med, er du alltid velkomen til å ta kontakt. Vi er opne for ein prat om framtidige moglegheiter – også om stillinga ikkje finst heilt endå.
Vil du ta ein uformell prat?