Stranda Anleggsservice søkjer bilmekanikar
til vår BilXtra verkstad på Stranda
Stranda Anleggsservice AS er eit maskinentreprenørselskap med eigen godkjent verkstad for både bil og anleggsmaskiner. Vi er òg ei godkjent lærebedrift. Verkstaden vår utfører service og reparasjon på alle bilmerke opp til 7 500 kg, i tillegg til vedlikehald og reparasjon av vårt eige maskinutstyr. Vi er tilknytt BilXtra-verkstadkjeda.
Våre mekanikarar har solid erfaring og deltek jamleg på kurs for å sikre høg og oppdatert kompetanse på dei fleste bilmerke.
Ønska kvalifikasjonar, men ikkje krav
Fagbrev som bilmekanikar eller relevant erfaring frå bilverkstad, anleggsmaskinreparasjonar m.m.
Kunne vedlikehald på gravemaskiner og lastebilar
Meistrar norsk skriftleg og munnleg
Sertifikat B
Trivast med å arbeide på lag med andre
Løysingsorientert
Målretta og resultatorientert
Kva kan du forvente hos oss?
Godt arbeidsmiljø
Gode høve til utvikling saman med kompetente kollegaer
Kursing og kompetanseheving gjennom ProMeister Academy
Varierte arbeidsoppgåver
Gode lønns- og forsikringsvilkår
Bedriftshelseteneste gjennom Medi3
Praktisk informasjon
Ønskjer du meir informasjon om stillinga? Ta gjerne kontakt med Joakim Relling på tlf 975 71 421 eller joakim@stranda-anleggsservice.no

- Bedrift
- Stranda Anleggsservice
- Stader
- Stranda