Open søknad til heile Stranda
Legg igjen ein open søknad og oppdag mulegheitene i Stranda.
Er du nysgjerrig på Stranda – og på kva framtida di kan vere her?
Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Folk frå heile verda kjem til Stranda for å sjå fjord, fjell og ikkje minst verdsarven i Geiranger. Kom til oss, her er det mange moglegheiter til å arbeide med reiseliv.
Få stader mettar fleire enn Stranda. Kom hit og jobb med spekemat, pizza, cider og sjømat som gir smak til heile verda.
Stranda er kjend for å gjere idear om til arbeidsplassar, frå møblar og teknologi til mat og opplevingar. Her har vi både tradisjon og nytenking, og alltid plass til fleire som vil skape noko nytt.
Kanskje leitar du etter denne jobben, denne heimen eller rett og slett denne kjensla av å høyre til? Vi i Denne Stranda hjelper deg ved å kople deg på nettverk, arbeidsgivarar og folk som kan gjere overgangen enklare.
Slik gjer du
Legg igjen ein open søknad eller ta kontakt med oss. Fortel litt om deg sjølv, kva du brenn for, og kva slags retning du er nysgjerrig på. Så tek vi praten vidare saman.
Stranda består av fire grender – Stranda, Hellesylt, Liabygda og Geiranger. Kvar av dei har sin eigen sjarm og sine eigne mulegheiter, anten du ser etter arbeid, bustad eller eit fellesskap å bli ein del av. Vi gler oss til å høyre frå deg – og til å finne ut korleis vi kan hjelpe deg å finne di rette plass i Stranda.
