Midt i verdsarven
Hotel Union Geiranger ligg midt i hjartet av Noregs vakraste natur. Geirangerfjorden vart skriven inn på Unesco si verdsarvliste i 2005. Hotellet er eigd og dreve av fjerde generasjon familien Mjelva og har tradisjonar tilbake til 1891. Eit fullservicehotell med 197 hotellrom og suiter, hovudrestaurant, brasseria med a la carte, kafe, barar og bankettavdeling. Union Bad & Spa - velværeavdeling med 1500kvm. Veteranbilmuseum og stort konferanseanlegg.
Opplevingar for gjestar frå heile verda
Vi søkjer medarbeidarar til fleire spanande stillingar – frå servitørar og kokkar, til resepsjonistar, bartenderar, nattevakter og seljarar/arrangementsplanleggjarar. Uansett stilling blir du ein del av eit engasjert team i storslåtte omgjevnader, med høve til å påverke og vere med å skape opplevingar for gjestar frå heile verda.