Litt om oss
Emdal Bygg AS er eit byggmesterfirma med kontor på Stranda, Sunnmøre. Firmaet vart starta i 1981 av Ingvar Emdal og Jens Peter Ous og har utvikla seg til eit solid firma med om lag 20 ansatte innafor byggevarehandel, snikkartjenester og bustadoppføring.
Sidan 2014 har vi sett opp bygg i massivtre. Gjennom prosjektering, montering og ferdigstilling av hus, hytter og eit leiligheitsbygg i massivtre har firmaet opparbeidd verdifull kompetanse innan lavenergibustader i massivtre. Emdal Bygg AS ønsker å bygge vidare på denne kunnskapen og bidra til å auke bruken av massivtre.
Emdal Bygg har opparbeidd ein katalog av hus- og hyttemodellar utvikla for bruk av massivtre. Vi tilbyr produksjonsklare teikningsett til salg for privatkundar og utbyggerar, i tillegg til å levere og montere massivtre over heile landet. For prosjekt i nærområdet kan vi i tillegg tilby ferdigstilling av prosjektet.
Vil du høyre meir om oss?