Intersport Stranda søkjer butikkmedarbeidar
Vil du jobbe med å selje klede, sko og utstyr til sport, fritid og friluftsliv?
Intersport Stranda søkjer butikkmedarbeidar i fast stilling, med stillingsprosent frå 50-80 %. Endeleg stillingsprosent blir avklart i dialog med rett kandidat ved tilsetjing. Dette er ei variert rolle for deg som trivs med kundekontakt og ein aktiv arbeidsdag. Hjå oss jobbar du med både kundar, varer og drift – og du blir ein viktig del av kvardagen i butikken. Stillinga inneber arbeidstid innafor opningstidene og arbeid annakvar laurdag.
Arbeidsoppgåver
Kundeservice og sal
Yte aktiv og profesjonell kundeservice og vegleie kundar i val av sport-, fritids- og friluftsutstyr
Skape gode kundemøte og bidra til høg kundetilfredsheit
Butikkdrift
Samarbeide med teamet om dagleg drift og bidra til eit godt arbeidsmiljø
Varemottak, varepåfyll og vareplassering
Sikre at butikken til ei kvar tid er ryddig, oversiktleg og innbydande
Betening av kasse og handtering av betaling
Delta i gjennomføring av kampanjar, salstiltak og lokal marknadsføring
Moglegheit for å delta med vareinnkjøp/messearbeid
Vi søkjer deg som
Er over 18 år
Har interesser innafor sport, trening og friluftsliv
Kommuniserer godt munnleg på norsk
Er imøtekommande, serviceinnstilt og trivst med aktiv kundekontakt
Er påliteleg, løysingsorientert, tek ansvar og jobbar godt både sjølvstendig og i team
Vil vere ein aktiv og positiv bidragsytar i teamet
Vi tilbyr
50-80 % fast stilling
Konkurransedyktig lønn og pensjonsordning med 4 % innskot
God personalkjøpsordning
Opplæring og støtte av kollegaer
Moglegheit for meir ansvar og utvikling
Godt arbeidsmiljø i eit lite team
Om Intersport Stranda
Intersport Stranda AS er ein mellomstor fullsortimentssportsbutikk med sterke merkevarer, høg fagkompetanse og eit lite, men dedikert team. Vi er opptekne av å ha god varekunnskap, personleg kundebehandling og ein ryddig og oversiktleg butikk – slik at kvar kunde finn produktet dei blir mest fornøgde med.
Høyrest dette interessant ut? Send søknad på e-post innan søndag 23. februar 2026. Oppstart etter avtale.
Du er velkomen til å ta kontakt eller komme innom i våre opningstider om du vil høyre meir om stillinga. Ordinære opningstider måndag-fredag 09-17, laurdag 09-15.
Ta kontakt med:
Arve Mogstad
Mail: arve.mogstad@intersport.no
Tlf.: 915 84 050

- Bedrift
- Intersport Stranda
- Stader
- Stranda